HMV Maskin AS blei etablert i 1979 og sel kjende merkevarer i ulike produktområde. HMV Maskin AS er ein av dei leiande reiskaps- og traktorleverandørane i Vossadistriktet. Firmaet har idag 14 tilsette.
HMV Maskin AS er eit selskap i HMV konsernet og har lange tradisjonar på Voss. Kvalitetsprodukt, fagkunnskap og lang erfaring er våre fremste salgsargument, og det sikrar deg som kunde god kvalitet og lang levetid på produkta du kjøper av oss. HMV Maskin AS ynskjer å gje kundane service og tryggleik i alle ledd. Kort sagt: hos HMV Maskin AS går kunden framfor alt!
Produktspekteret vårt omfattar mellom anna:
- Hus/hageprodukt etc.,
- Jernvare,
- Mc, snøskooterar og ATV
- Anlegg- og industri
- Landbruk
- Arbeidsklede og arbeidssko
- Verneutstyr
