Handlar du hjå HMV Maskin, er det godt å vite at ein komplett og moderne verkstad med fem mekanikarar står klar til å ta seg av service eller nødvendige reparasjonar på alt frå det minste utstyret til store maskiner. I tillegg får du hjelp med autorisert kontroll og etterfylling av brannsløkkingsapparat. Verkstaden har òg ei eiga avdeling for hydraulikk og pressing av hydraulikkslangar. Verkstaden har eiga motorsykkel avdeling med mekanikarar som er spesialistar på og som utfører alle typar reparasjonar på motorsyklar og snøscooterar. Det gjer at du kan vera trygg på at motorsykkelen eller snøscooteren din blir teken hand om av ein ekspert dersom noko går gale eller han treng service. Verkstaden utfører også reparasjonar på småmaskinar, snøfresarar, høgtrykksvaskarar og plenklypparar.
Kontakt
Verkstad: Frode Helle mobil 404 29 544 frode.helle@hmvvoss.no
Delelager: Kay Fischer mobil 404 29 541 kay.fischer@hmvvoss.no
