
Er du mykje ute i vestlandsvêret? Hald deg varm, trygg og sikker med ProTec 2.0
Sidelengs regn piskar deg i ansiktet, du kjenner at det sig inn vatn, du er klam, kald, våt. Hauststormane har jaga ei stund. Du går heim og tørker, men veit at du må ut att i morgon.
Kvifor pine deg sjølv? ProTec 2.0 arbeidsklede er spesielt utvikla for norske forhold, og meininga med dei er å halde deg varm og tørr i alle værforhold. Plagga har gode eigenskapar på vasstettleik og pusteevne, noko som gjer at du held deg så komfortabel som mogleg året rundt.
Vannsøyle og pusteevne
Vannsøyle, pusteevne og isolering er viktige faktorar for å kunna halda seg tørr, varm og komfortabel gjennom arbeidsdagen.
ProTec 2.0 arbeidsklede har ei vannsøyle på 20.000 mm, i tillegg til at alle plagg er heilteipa og har vasstette glidelåsar. Plagga er godkjente iht. EN 343, i tillegg er òg vinterplagg godkjent iht. EN 342. Pusteevna er på 22000 gram/m2/24h, og dessutan at ein del av plagga er utstyrte med ekstra moglegheiter for ventilering. Jakkene i EN342 i serien blir levert med eit uttagbart vattert fôr, noko som gjer at dei kan brukast heile året. Medan buksene og kjeledressane blir leverte både i vinterfôret og nettingfôret utgåve.
Fakta: Kva er vannsøyle?
Vannsøyle vert brukt for å beskriva kor mykje vatn eit materiale toler før vatnet treng gjennom. Ei vannsøyle på over 3000mm blir normalt rekna som vasstett, men dette varierer mellom kva typar produkt det gjeld. Ei jakke vil ikkje reknast som vasstett før den har ein vannsøyle på 10.000 mm. ProTec 2.0 kleda har altså ei vannsøyle på det dobbelte.
God passform og eigen profil
I tillegg til høg funksjonalitet og tryggleik er det viktig at kleda sit godt på og er behagelege å jobba i. Passform og design i dag er ofte inspirerte frå sportsbransjen, og ein ser at trendane i motebildet òg blir gjenspegla i dagens arbeidsklede. Ein vil rett og slett sjå bra ut – òg på jobben. Eigen logo på arbeidskleda er viktig for dei fleste verksemder. Difor er det sett av god plass på rygg og bryst for dette. Me er behjelpelege med oppsett og rådgiving i samband med profilering av plagg dersom det er ynskjeleg.
Kom innom butikken og prøv! Me har både jakker, bukser og dressar.