Opningstider butikk

Måndag - Fredag: 07.00-17.00

Laurdag: 09.00-14.00

Opningstider verkstad

Måndag - Fredag: 07.30-15.30

Laurdag: Stengt

Eiksenteret Voss er ein viktig del av HMV Maskin AS. Sjå nettsida til EIK-kjeden her:

HMV Maskin er sertifisert som Miljøfyrtårn. Les om ordninga her:

aspen-miljobensin

Miljøbensin – velg drivstoff med hovud og hjarte

Alle veit kvifor me treng hjelmar og verneutstyr, men få tenker på drivstoffet. Aspen alkylatbensin aukar både sikkerhet og produktivitet på arbeidsplassen. Derfor er fokuset deira ”eit berekraftig arbeidsmiljø”.

Med Aspen alkylatbensin slepp brukarane å puste inn alle de skadelige stoffene som finst i vanleg bensin. Dette gir et tryggare og sunnere arbeidsmiljø. Samtidig vil motore gå jevnare, vere sotfrie og starta opp kvar gang, sjølv etter sesongoppbevaring.

Nokre fakta om Aspen alkylatbensin

Aspen er tryggare. Alkylatbensinen er fri for skadelege olefiner og aromatiske karbonsamband som finst i vanleg bensin. Med Aspen treng du ikkje å pusta inn desse farlege stoffa, noko som elles kan føra til nedsett arbeidsevne og sjukdom.

Aspen reinsar. Alkylatbensinen er eit etanolfritt drivstoff som også reinsar motoren for sot – slik at dei fungerer betre. I motsetning til den nye E10-en -bensinen har alkylatbensinen lang haldbarheit og kan derfor lagrast. Dette betyr at motoren ikkje vert skadd under sesongoppbevaring.

Det er skilnad på fossilt og fossilt. Samanlikna med vanleg bensin leverer Aspen lågare ozonpåverknad. Og fordi alkylatbensinen vår er så rein, gjer den susen i alle motoriserte maskiner. Det er rett og slett eit betre og meir berekraftig drivstoff for menneske, maskiner og miljø.

Bensindrevne maskiner er naudsynt. I nokre situasjonar kjem elektriske og batteridrevne maskiner til kort. Til dømes ute i skogen. Då vert det krevd bensindrevne maskiner for å gjera jobben, og derfor er det viktig å velja drivstoff med omhu. Når du fyller tanken med Aspen, kan du vera sikker på at du vel det beste og mest berekraftige drivstoffet.

Me fører Aspen miljø-bensin i butikken vår. Velkomen innom!

Kjekt om du deler!